AMK-sentral er ein naudmeldesentral som svarer på det medisinske naudnummeret 113, gir råd og rettleiing til innringjarar og koordinerer ambulansetransportar. AMK-sentralar er bemanna av helsepersonell, vanlegvis sjukepleiarar og ambulansearbeidarar.

Faktaboks

Også kjend som
akuttmedisinsk kommunikasjonssentral

Organisering

AMK-sentralane er ein del av den medisinske naudmeldetenesta og samarbeider med legevaktsentralar (LV-sentralar) om å formidla legevakt, heimesjukepleiar, jordmor og ambulanse. AMK-sentralen fungerer ofte også som legevaktsentral for delar av området han dekkjer.

Funksjon

AMK-sentralane får meldingar mellom anna over det medisinske naudtelefonnummeret 113, og det er AMK-sentralen som bestemmer kva slags hjelp som trengst i dei ulike situasjonane (ambulansebil, -båt eller -helikopter, politi, brann-/redningsvesen og liknande), og kva hastegrad (prioritet) førespurnaden skal få. Deretter blir tiltak valde ut frå behovet. Råd og instruksjonar blir gitt til innringjaren, og ved utrykking blir informasjon gitt til lege og ambulanse.

Regional AMK

AMK Oslo er regional AMK for Helse sør-aust, AMK Bergen for Helse vest, AMK St. Olav, Trondheim for Helse Midt-Noreg og AMK Tromsø for Helse nord. Desse sentralane skal kunna assistera andre AMK-sentralar i regionen sin ved større hendingar og katastrofar.

Luftambulansekoordinator

Luftambulansekoordinator (LA-koordinator) er ein funksjon ved ein av AMK-sentralane i helseføretaka. Per dags dato er det LA-sentral i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Flykoordineringssentralen

Flykoordineringssentralen (FKS) er ein nasjonal funksjon som ligg i Tromsø, og som koordinerer ambulansefly i heile landet. Det er medisinsk koordinerande punkt (MKP) som får bestillingar, denne funksjonen er i Ålesund, Lørenskog og Tromsø.

Ansvar

Ansvaret for å etablera og drifta AMK-sentralar er lagt til dei regionale helseføretaka, medan kommunane har ansvar for å etablera og drifta LV-sentralar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg