Blodprøve frå finger
CRP kan målast med ei blodprøve frå fingeren eller frå armen.
Blodprøve frå finger
Av /Shutterstock.

Akuttfaseprotein er protein som får ein auka konsentrasjon i blodet i samband med akuttfase, det vil seie ein betennelsesreaksjon som følgje av ein akutt infeksjon eller annan vevsskade. Nokre av desse proteina kan målast med blodprøver og er viktige for å kunne stille diagnosar med slike årsaker. Nokre døme på akuttfaseprotein er CRP, fibrinogen og haptoglobin.

Faktaboks

Uttale
akuttfaseproteˈin

For at eit protein skal kunne kallast akuttfaseprotein, må proteinkonsentrasjonen i blodet auke med minst 25 prosent ved akuttfase.

Typar akuttfaseprotein

Akuttfaseprotein blir delte inn i «positive» akuttfaseprotein og «negative» akuttfaseprotein. Konsentrasjonen av positive akuttfaseprotein aukar i samband med betennelsesreaksjonar, medan konsentrasjonen av negative akuttfaseprotein søkk.

Døme på positive akuttfaseprotein er CRP, haptoglobin, ceruloplasmin, alfa-1-antitrypsin, ferritin, fibrinogen og komplementsfaktor C3. Døme på negative akuttfaseprotein er albumin, transferrin og prealbumin.

Måling av akuttfaseprotein

Akuttfaseproteina kan målast ved å ta ei blodprøve. Dei enkelte proteina har ulike funksjonar. CRP er det proteinet som stig mest ved akuttfase.

Bakterieinfeksjonar fører i større grad enn virusinfeksjonar til stiging i akuttfaseprotein, spesielt CRP. Alfa-1-antitrypsin stig mest ved leversjukdom, medan haptoglobin og fibrinogen stig ved betennelsar i bindevev og støttevev.

Når ein skal vurdere kor mykje jern kroppen har (jernstatus), pleier ein å måle mellom anna ferritin og transferrin. Ferritin er eit jernlagringsmolekyl inni cellene, medan transferrin er eit transportmolekyl for jern i blodbanen. Både ferritin og transferrin er likevel akuttfaseprotein. Mengda ferritin aukar i samband med akuttfaseresponsar, medan mengda transferrin søkk. Det er difor vanskeleg å vurdere jernstatusen ved samtidig akutt fase.

Senkingsreaksjonen (SR) er eit indirekte mål på akuttfaserespons og blir påverka av mellom anna konsentrasjonen av akuttfaseproteinet fibrinogen i blodet.

Produksjon av akuttfaseprotein

Ved ein betennelse eller infeksjon i kroppen blir det frigjort signalmolekyl kalla cytokin (til dømes IL-1, IL-6 og TNF-alfa) frå kvite blodceller. Cytokina stimulerer levra til å produsere akuttfaseprotein. Akuttfaseprotein er viktige i immunresponsen og bidreg til å redusere øydelegging av celler og vev i betennelsesprosessen, mellom anna ved å hemme verknaden av skadelege stoff som blir skilde ut frå celler som driv med fagocytose (fagocyttar). Fagocyttar er kvite blodceller som kan øydeleggje og «ete opp» bakteriar og døde celler. Betennelsesreaksjonar er komplekse, og det er mange celler og cytokin involvert. Desse kan setje i gang, forsterke, halde oppe, dempe og stanse betennelsesreaksjonar.

Infeksjon, vevsskade eller betennelsessjukdom fører til at levra endrar produksjonen av fleire protein. Akuttfaseresponsen er ein ikkje-spesifikk reaksjon på betennelse og gir samtidig temperaturauke (feber) og auke av kvite blodceller i blodbanen. At reaksjonen er ikkje-spesifikk, betyr at det er mange årsaker som kan vere opphav til auken i akuttfaseproteina.

Konsentrasjonar av dei ulike akuttfaseproteina i blodserum aukar med forskjellige hastigheiter, og alle når maksimalverdien sin innan 2–5 dagar etter starten på ein akutt fase.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg