Bly er eit grunnstoff med atomsymbol Pb og atomnummer 82. Bly er eit metall som er lett å omarbeide. Det lèt seg skjere med kniv og valse til plater og foliar med ei tjukn heilt ned til 0,01 millimeter. Metallet har liten styrke og elastisitet. På papir gir bly ein mørk strek, og tidlegare skreiv ein derfor med bly (blyant).
Faktaboks
- Engelsk namn
- lead
- Atomsymbol
- Pb
- Atomnummer
- 82
- Relativ atommasse
- 207,2
Bly blir mellom anna brukt til å lage hagl og prosjektil, til skjerming mot radioaktiv stråling og tidlegare som tilsetningsstoff i bensin og ulike typar måling.
Sidan bly er giftig, har bruken av bly og blyforbindelser vorte redusert så mykje som mogleg. Tetraetylbly blir ikkje lenger tilsett til bensin. Som konstruksjonsmateriale kan det i stor grad bli erstatta av andre materiale.
Bly er det siste stabile grunnstoffet i gruppe 14 i periodesystemet.
Det er fire stabile isotopar av bly: 204Pb (1,4 prosent), 206Pb (24,1 prosent), 207Pb (22,1 prosent) og 208Pb (54,2 prosent).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.