Nevrotisisme er eitt av dei fem hovudpersonlegdomstrekka i femfaktormodellen innan trekkpsykologien. Det er også eit trekk i Eysencks trekkpsykologiske trefaktormodell.

Nevrotisisme måler grad av emosjonell ubalanse, psykisk ubehag, psykisk reaktivitet, men også vedvarande negative emosjonar, inkludert depressive og engstelege kjensler. Dei som skårar lågt er meir rolege, avslappa og har eit meir stabilt kjensleliv. Dette trekket predikerer i stor grad sårbarheit for psykiske lidingar.

Underliggjande fasettar

Personlegdomstesten NEO-PI-R måler både grad av nevrotisisme, og målar dei seks underliggjande fasettane til trekket.

Desse er:

  • Angst: Bekymra, anstrengde, engstelege, nervøse og på vakt, framfor roleg og avslappa.
  • Depresjon: Skuldkjensle, tungsinn, håpløyse, einsemd og annan nedstemd eller depressiv affekt, framfor fråvær av desse kjenslene. NB: dei som opplever positive kjensler som glede skårar som regel høgare på den fasetten i hovudtrekket ekstroversjon.
  • Fiendtlegheit: Sinne, frustrasjon, og bitterheit, framfor tilbakelente. Merk at dette måler om dei opplever kjensla, medan dei som uttrykkjer sinne heller er dei som skårar lågt på trekket omgjengelegheit, samtidig som desse to disposisjonane er assosierte.
  • Impulsivitet: Gir etter for lyster og behov, vanskeleg for å motstå freistingar, anger over å ha gitt etter for slike behov. Dei som skårar lågt har større frustrasjonstoleranse i forhold til å ikkje tilfredsstille eigne behov.
  • Sjølvmedvit: Skam, flauheit, ubehag i selskap med andre, sensitive mot krenking, mindreverdsopplevingar, i motsetning til å oppleve ubehag i sosiale samanhengar. Merk at dei som trivst med sosiale samanhengar eller tek leiing i eller dominerer sosiale situasjonar primært skårar høgt på fasettane sosiabilitet eller sjølvhevding frå trekket ekstroversjon.
  • Sårbarheit: Stresset, avhengig, eller lett sett ut av kriser, framfor evna til å takle vanskelege situasjonar med ro.

Den samla nevrotisismeskåren er derfor ei oppsummering av enkeltskårane på desse seks ulike, men samvarierande fasettane. Dei som skårar høgt på nevrotisisme har altså mykje av det som er beskrive over, medan dei som er låge på nevrotisisme har lite av det som blir beskrive over (dei har altså mindre negativ affekt og er meir emosjonelt stabile) – men merk at det er mogleg at nokre fasettar er høge og andre lågare.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Costa, Jr., P. T., & McCrea, R. R. (1995). Domains and Facets: Hierarchical Personality Assessment Using the Revised NEO Personality Inventory. Journal of Personality Assessment, 64(1), 21-50.
  • Langvik, E., og Martinsen, Ø. L. (2015). En trekkteoretisk tilnærming til personlighet. I Kennair, L. E. O. og R. Hagen, Red. Personlighetspsykologi. Bergen, Fagbokforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg