Prevalens er talet på personar som har ein viss sjukdom, funksjonshemming eller risikofaktor i ei gitt befolkning på eit gitt tidspunkt eller innanfor ein gitt tidsperiode. Eit døme er talet på personar som har diabetes type 1 per 10 000 innbyggjarar i aldersgruppa 0–20 år 1. januar 2017.

Faktaboks

Uttale
prevalˈens
Etymologi
av latin praevalentia, ‘overmakt’

Prevalensen er viktig å kjenne til når ein til dømes skal planleggje behandling for ei pasientgruppe. Eit nærståande omgrep er insidens, som er talet på nye sjukdomstilfelle eller dødsfall i løpet av ein bestemt tidsperiode, til dømes eit år, dividert med talet på personar i befolkninga.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg