Screening er undersøking av ei gruppe menneske for å påvise tidleg teikn på ein sjukdom eller auka risiko for sjukdom. Til eksempel blir alle norske kvinner mellom femti og søtti innkalla til screeningundersøking av brystkreft. Screening har ikkje som mål å gi eit endeleg diagnostisk resultat, men skal påvise dei personane som er aktuelle for nærare undersøkingar.

Faktaboks

Etymologi
engelsk ‘utvelgelse’, utsortering’

Det er mange medisinske, etiske og praktiske problem knytt til screening. Medisinsk sett må dei testane eller undersøkingsmetodane som blir nytta, ha tilstrekkeleg sensitivitet og spesifisitet til at den prediktive verdien av screeninga blir høg. Dette er nødvendig for å unngå at ein etter gjennomført screening sit igjen med mange falskt positive og mange falskt negative prøvesvar. Ikkje berre vil dette kunne svekkje tilliten til screeninga og representere store unødige kostnader, men også påføre ei rekkje menneske unødig uvisse om eigen helsetilstand eller falsk tryggleik med tanke på helsa si.

Den aktuelle sjukdommen må dessutan medisinsk sett vere slik at han kan oppdagast ved screening før han gir symptom som gjer at han likevel blir oppdaga av pasienten sjølv. Om screening skal ha nokon medisinsk intensjon, bør det også vere slik at ein ved å setje i verk behandling før sjukdommen gir symptom, får eit betre resultat enn om ein ventar til symptoma gir seg til kjenne. Det er også allment akseptert at det ikkje er etisk forsvarleg å utføre screening for sjukdommar der ein ikkje har noka som helst form for behandling å setje i verk.

Ved gjennomføringa av screeningprogram viser det seg også ofte å vere store problem med å sikre eit godt oppmøte ved undersøkingane.

Dei ovannemnde forholda er slike som blant anna Verdshelseorganisasjonen og Europarådet har tilrådd dei nasjonale helsestyresmaktene å ta omsyn til når dei set i verk screeningsprogram. Døme på screeningsprogram som norske helsestyresmakter meiner tilfredsstiller dei faglege, etiske og praktiske krav som kan stillast, er regelmessige undersøkingar av kvinner med cytologiske undersøkingar for livmorhalskreft og mammografi for brystkreft.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg