Symbiose er tett samliv mellom organismar av ulike artar. Partane som lever i symbiose, blir kalla symbiontar.

Faktaboks

Uttale
symbiˈose

Symbiose som kjem begge partar til gode, blir kalla mutualisme. Symbiose kan også karakterisere forhold der ingen av partane, eventuelt berre den eine, dreg nytte av samlivet.

Endosymbiose og ektosymbiose

Ordet symbiose viser vanlegvis til fysisk tette samband der den eine arten lever i eller på den andre. Endosymbiose er når den eine symbionten er inne i den andre, til dømes mikroorganismar (ciliatar) som lever inne i magen til drøvtyggjarar. Ektosymbiose er når den eine symbionten lever på eller i nær kontakt med den andre, til dømes klovnefiskar som lever blant tentaklane til sjøanemonar for å unngå rovfiskar. Den symbionten som gir tilhaldsstad for den andre, blir kalla ein vert.

Obligat og fakultativ symbiose

Når to symbiontar er så avhengige av kvarandre at éin av dei vanskeleg kan leve sjølvstendig, kallar vi symbiosen for obligat. I motsett fall er symbiosen fakultativ.

Mutualisme

I dag blir ordet symbiose som oftast brukt om mutualisme, der begge partane har fordel av samlivet. Verten byr symbionten biologisk gunstige miljøforhold, og på same tid dreg ofte verten nytte av nærværet til symbionten.

Til dømes kan mange ciliatar som bur i magane til drøvtyggjarar, spalte cellulose, som elles er tungt å bryte ned, og dei inngår dermed i protein- og karbohydratstoffskiftet til verten. Når dei kjem over i tarmen, blir dei fordøydde og dekkjer 20 prosent av det totale nitrogenbehovet til verten. Klovnefisken får vern mot rovfiske ved å leve saman med sjøanemonen, og samstundes jagar han vekk andre fiskar som elles ville ha ete og skadd sjøanemonen, i tillegg til at sjøanemonen får næring frå avføringa til fisken.

Sjølv om mange mutualistar er symbiontar, treng dei ikkje vere det, då dei ikkje nødvendigvis lever i dei fysisk tette sambanda som ordet symbiose viser til.

Andre former for symbiose

Sjølv om ordet symbiose vanlegvis blir brukt om mutualisme, kan det også brukast om andre former for tett samliv der ingen av artane, eventuelt berre den eine, dreg nytte av sambandet (sjå kommensalisme og parasittisme). Det finst mange mellomformer mellom mutualisme og rein parasittisme, og i praksis er det ofte uvisst i kor stor grad begge artane dreg nytte av samlivet.

Nokre vanlege døme på symbiose

Symbiose er svært veletablert hos lav, som er dobbeltorganismar i den forstand at dei består av ein sopp- og ein lavkomponent som kvar for seg, gitt dei rette vilkåra, kan leve skilt frå kvarandre, men som ved den inngåtte symbiosen fungerer som ei eining. Sopprot (mykorrhiza) der plantar og sopp har næringsutveksling, er eit anna utbreidd døme på symbiose.

Ifølgje den allment aksepterte endosymbioseteorien er både mitokondrium og kloroplastar etterkommarar etter bakteriar som inngjekk endosymbiotisk sameksistens med forgjengarane til dyre- og planteceller.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg