Uhelse er eit omgrep utan tradisjonell forankring i det norske språket, men som har fått eit visst innpass dei seinare åra, særleg i samband med helsefremjande og førebyggjande innsats.

Faktaboks

Etymologi
svensk ohälsa

Som oftast blir uhelse brukt i ei av to tydingar. Først og fremst blir uhelse brukt som samleomgrep på fenomen som verkar nedsetjande på evna til normal eller ønskt livsutfalding, slik som sjukdommar og funksjonssvikt (på engelsk: ill-health). Dernest blir uhelse brukt som motsetning til omgrepet helse, og då om ein situasjon på individ- eller gruppenivå der det ligg føre ein auka risiko for sjukdom eller utvikling av funksjonssvikt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg