ICPC er eit internasjonalt kode- og klassifiseringssystem for kommunehelsetenesta. ICPC blei utvikla av World Organization of Family Doctors (Wonca). Den første utgåva kom i 1987. ICPC-2, som er den andre utgåva, kom i 1998 og har vore i bruk i Noreg sidan 2004.

Faktaboks

Etymologi
forkortelse for engelsk international classification of primary care

I spesialisthelsetenesta i Noreg blir kodeverket ICD-10 nytta.

Systemet kan brukast både til registreringar av helseproblema til pasienten og kontaktårsaker. Det er også mogleg å analysere den prosessen ein pasient går gjennom frå symptom og plage til diagnose og behandling.

ICPC-systemet er i utgangspunktet bygd opp på grunnlag av anatomi. Til saman består det av 17 hovudkapittel, 14 organkapittel, eitt kapittel for generelle tilstandar, eitt for psykiske tilstandar og eitt for sosiale problem. Ein ICPC-kode er alfanumerisk og består av ein bokstav og to tal.

Ved alle pasientkontaktar hos allmennlege skal det angivast ein ICPC-kode på rekninga som blir send til NAV. Legen skal fortrinnsvis kode sjukdomsdiagnosen dersom det er mogleg å stille éin diagnose (siffer i serien 70–99). Viss ein ikkje kan stille ein diagnose, skal ein angi koden for symptoma eller plagane til pasienten, det vil seie det som førte pasienten til lege (siffer i serien 01–29).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg