Inversjonstraume er den vanlegaste ankelskaden.
/Shutterstock.

Ankelforstuing er forstuing av ankelleddet. Dette inneber vanlegvis skade på leddkapsel og leddband (ligament).

Faktaboks

Også kjend som
ankeldistorsjon, vrikka ankel, overtrakk

Ankelforstuing er den klart vanlegaste skadetypen innan idrett og utgjer omtrent 20 prosent av alle idrettsskadar. I enkelte idrettar, særleg fotball, basketball, volleyball og handball, kan ankelforstuingar utgjere opptil halvparten av alle akutte skadar. Dette gjeld òg individuelle idrettar der landing etter hopp eller springing på ujamt underlag er sentrale element, til dømes orientering.

Ankelforstuingar utgjer nesten ti prosent av alle akutte skadar som blir behandla hos lege, og ein reknar med at det kvar dag skjer éin slik skade per 10 000 innbyggjarar. Dette betyr at det i Noreg skjer 400 til 500 slike skadar kvar dag eller over 150 000 årleg.

Typar

Ankelleddet
Ankelleddet med nokre leddband, sett frå innsida (medialt) og utsida (lateralt).
Av /OpenStax.
Lisens: CC BY 4.0

Kva strukturar som blir skadde, avheng av kva veg forstuinga skjer, og kor store kreftene er.

Inversjonstraume

Dei aller fleste skadane er inversjonstraume («overtrakk»), der ein landar på utsida (lateralsida) av foten slik at han blir vridd innover. Som oftast fører inversjonstraume til skade på leddbanda på utsida av ankelleddet. Det er tre ulike leddband på utsida (lateralt) av ankelen:

  • ligamentum talofibulare anterius (framst)
  • ligamentum calcaneofibulare (i midten)
  • ligamentum talofibulare posterius (lengst bak)

Kor stor skaden blir, avheng av kor kraftig landinga er. Normalt ryk det framste leddbanet først, deretter også det midtste, og berre i svært sjeldne tilfelle ryk også leddbandet lengst bak.

Eversjonstraume

Dersom ankelen blir vridd utover (eversjonstraume), fører dette som oftast til skade på leddbandet på innsida (medialsida) av ankelen (ligamentum deltoideum). Dette er eit kraftig, samanhengande leddband som går langs heile indre ankelknute (mediale malleol). Isolerte skadar av ligamentum deltoideum er sjeldne, sannsynlegvis fordi det naturlege rørslemønsteret er slik at ein som oftast landar på utsida av foten. Dessutan er ligamentum deltoideum sterkare enn leddbanda på utsida.

Dei same skademekanismane som er beskrivne her kan også føre til brot i ankelen, fotrota eller mellomfoten. Det gjeld særleg hos eldre pasientar og ved kraftige skadar, til dømes etter fall frå større høgder.

Symptom og diagnostikk

Ankelligamenta og leddkapselen inneheld rikeleg med blodårer, som fører til betydeleg bløding dersom desse strukturane blir rivne over. Eit overtrakk fører derfor vanlegvis til hevelse framfor og under ytre ankelknoke, medan ein skade på innsida ankelen gir tilsvarande hevelse under indre ankelknoke. Hevelsen kan komme i løpet av få minutt og vere godt synleg. Etter nokre dagar ser ein ofte blodblemmer (ekkymose), og desse vil gradvis skifte farge og forsvinne.

Ved undersøking hos lege er det viktigaste at ein skil mellom leddbandsskadar og brot. Brot som er ute av stilling, bør reponerast. I enkelte høve kan det vere naudsynt med operasjon med det same. I dei fleste tilfelle kan legen utelukke brot gjennom undersøkinga ved å kjenne på skjelettstrukturane. Om legen ikkje får mistanke om brot, er ikkje røntgenundersøking naudsynt. Stabilitetstestar har også avgrensa verdi i akuttfasen.

Behandling

I akuttfasen (dei første 48 timane) er målsetjinga å avgrense bløding frå leddban og leddkapsel så mykje som mogleg og dermed unngå hevelse. Dette oppnår ein mest effektivt gjennom intensiv PRICE-behandling, inkludert avlasting med krykkjer. Slik behandling bør setjast i gang helst innan få minutt for å gi eit best mogleg utgangspunkt for rask opptrening av skaden. God kompresjon er spesielt viktig.

Smertebehandling

Behandling med betennelsesdempande medisinar blir tilrådd dei første fire til fem dagane, såframt det ikkje finst kontraindikasjonar. Denne behandlinga gir vanlegvis god smertestillande effekt og bidreg til raskare mobilisering av pasienten.

Mobilisering og trening

Vidare behandling tek sikte på å mobilisere pasienten så raskt som mogleg, uavhengig av kor mange leddband som er skadde. Tidlegare nytta ein immobilisering med gips eller operativ behandling ved større ligamentskadar. Men det har vist seg at tidleg opptrening utan gips eller operasjon på sikt gir likeverdig mekanisk stabilitet, og i tillegg gir dette full funksjon tidlegare. Dei fleste vil derfor føretrekkje tidleg opptrening av alle leddbandskadar.

Opptrening av ankelen kan byrje når den akutte blødinga har stansa, det vil seie etter eitt til to døgn. Pasienten bør få opplæring i øvingar av fysioterapeut. Ein kan også få teiping av ankelen eller tilpassing av støtteskjene (ortose) for å unngå nye skadar i opptreningsfasen. Det er viktig å gjennomføre slike treningsøvingar for å førebyggje nye ankelskadar.

Andre behandlingsformar

Det er ikkje dokumentert sikker effekt av ultralyd, elektroterapi, straum, laser eller andre, liknande behandlingsmetodar.

Prognose

Prognosen er god. Leddbanda lækjar seg som oftast i løpet av seks til åtte veker, og pasienten kan ofte oppnå full funksjon tidlegare dersom akuttbehandlinga er god.

Nokre pasientar, 10 til 20 prosent, får vedvarande problem etter ein akutt ankelskade. Det kan vere stivheit og smerte eller vedvarande instabilitet med stadige ankelforstuingar. Slike problem kan i dei fleste tilfelle behandlast effektivt, og det er derfor viktig å ta kontakt med lege dersom ein har seinplager.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg