Histamin er eit nitrogenhaldig stoff (amin) som vert produsert i kroppen og finst lagra i dei fleste vev. Særleg er det mykje histamin i underhuda, langs tarmane, i luftvegane og i ein bestemt type kvite blodceller. Desse blodcellene vert kalla basofile granulocyttar, og er i nær slekt med liknande histaminrike celler ute i veva som heiter mastceller.

Faktaboks

Uttale
histamˈin
Etymologi
av gresk histos, ‘vev’, og amin

Produksjon av histamin

Histaminsyntese

Histamin lages fra aminosyren histidin.

Histamin vert danna frå aminosyra histidin ved hjelp av ulike enzym, og vert også broten ned av enzym (diamin oksidase eller DAO, eldre nemning histaminase). Histamin vert først og fremst danna og lagra i dei to celletypane som er nemnde ovanfor, altså mastceller og basofile granulocyttar.

Frisetting av histamin

Histamin vert sett fri frå mastcellene og dei basofile granulocyttane ved allergiske reaksjonar, både ved matallergi, høysnue (også kalla allergisk snue eller rhinokonjuktivitt), astma og elveblest. Også ved nokre andre tilstandar enn allergi, mellom anna pseudoallergiske reaksjonar, dermografisme og mastocytose og ved skade på vevet vert histamin (og enkelte andre stoff) sett fri. Ved nokre tilstandar kan histamin bli sett fri også ved moderat fysisk påverknad som trykk eller skraping på huda (dermografisme), kulde eller varme (kuldeurtikaria og varmeurtikaria), eller soling (solurtikaria).

Verknader

Fritt histamin har ei lang rad ulike verknader. Først og fremst gir histamin utviding av dei minste blodårane (kapillærane) og samantrekning av glatte musklar som vi har i tarmen og luftvegane. Utvidinga av kapillærane fører i sin tur til at blodtrykket vert lavare i dei sentrale delane av blodomløpet, og personen kan gå i sjokk. Denne verknaden av histamin vert motverka av adrenalin. Kjertlar i luftvegane og spyttkjertlane vert stimulerte av histamin. Histamin tek også del i kontrollen av magesaftsekresjonen. Sprøyter ein histamin inn i huda, vert den raud i det lokale området på grunn av utviding av dei små blodårane. Kløe er ein verknad av histamin.

Giftene hos mange insekt (bier, kveks, maur) inneheld histamin. Histamin finst også i fleire planter, mellom anna brennesle. I sjeldne tilfeller kan histamin bli danna frå histidin når bakteriar veks i enkelte matvarer, spesielt fisk (særleg tunfisk, makrell og sild). Dersom ein et slik dårleg lagra fisk, kan dette føre til symptom på forgiftning. Desse symptoma liknar på ein matallergisk reaksjon (histaminforgiftning, engelsk: scombroid poisoning).

Legemiddel mot histamin

Legemiddel som verkar mot histamin vert kalla antihistamin. Dei vert i hovudsak brukte ved allergiske tilstandar, fordi histamin er direkte årsak til allergisymptoma. Histaminmolekyla vert etter frisetting frå mastceller og basofile granulocyttar bundne til mottakarmolekyl (reseptorar) på overflata av andre celler, og dette løyser ut ein reaksjon frå desse cellene som gir allergisymptoma. Antihistaminpreparata verkar ved at dei blokkerer bindinga av histamin til mottakarmolekyla (reseptorane) på celleoverflata.

Det finst ulike typar mottakarmolekyl (histaminreseptorar) på ulike typar celler.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Terje Svardal

Koplinga til amin fører til feil artikkel.

skreiv Martinus Løvik

Takk! Det var feil 'amin', ja. Har nå retta koblinga, så den er til 'biogene aminer'.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg