Kvikksølv er flytande i romtemperatur.
Lisens: CC BY 3.0

Kvikksølv er eit grunnstoff som har atomnummer 80 og atomsymbol Hg. Kvikksølv er eit sølvkvitt metall som fordampar lett og leier elektrisitet dårleg. Det er det einaste metallet som er flytande ved vanleg romtemperatur. Kvikksølv løyser andre metall og dannar legeringar som vi kallar amalgam.

Faktaboks

Norsk namn
kvikksølv
Etymologi
gresk hydrargyrum (Hg), ‘vann- sølv’; flytende sølv
Engelsk namn
mercury

Kvikksølv har vore kjent heilt sidan oldtida. Det tilhøyrer gruppe 12 i periodesystemet, til liks med sink og kadmium. Det er giftig, og tidlegare vart det brukt i mellom anna termometer og amalgam i tannfyllingar.

Kvikksølv har sju kjende isotopar som finst i naturen:

  • 196Hg (under 1 prosent)
  • 198Hg (ca. 10 prosent)
  • 199Hg (ca. 17 prosent)
  • 200Hg (ca. 23 prosent)
  • 201Hg (ca. 13 prosent)
  • 202Hg (ca. 30 prosent)
  • 204Hg (ca. 7 prosent)

Førekomst

Det mest vanlege kvikksølvet er det raudbrune kvikksølvmineralet sinober, kvikksølv(II)sulfid, med kjemisk formel HgS. Ein finn sjeldan store mengder kvikksølv, heller ikkje i gedigen form. Ein kan finne små dropar saman med sulfid, som er ei svovelsambinding. Det er då danna ved ein reaksjon mellom sulfidet og petroleum. Dei største førekomstane av kvikksølv finst i Spania, Russland, Italia og Slovenia. Gruva i Almaden i Spania er den eldste kvikksølvgruva, og ho har vore i drift frå om lag 250 fvt.

Eigenskapar

Eigenskapane til kvikksølv er svært ulikt frå eigenskapane til sink og kadmium. Kvikksølv er til dømes eit av dei få stoffa som reagerer med gull. Fleire av kvikksølvets uvanlege fysikalske og kjemiske eigenskapar kjem av at ytterelektronene er langt frå atomkjernen, og bevegar seg med relativistisk fart.

Metallet blir oksidert vanskeleg. Smeltepunktet er svært lågt (−39 °C), det fordampar lett og er monoatomisk i gassfase. Til metall å vere har kvikksølv dårleg termisk og elektrisk leidningsevne. Ei kvikksølvsøyle med 1 mm2 tverrsnitt og 1,063 m lengd har ved 0 °C ein motstand på 1 ohm, og blir òg brukte som eining for motstand (resistans).

Kvikksølv er giftig og blir lett akkumulert i organismar, sjå kvikksølvforureiningar.

Kvikksølv er eit edelt, lite reaktivt grunnstoff. Først nær kokepunktet (ca 360 °C) reagerer det langsamt med luft under danning av kvikksølvoksid, HgO. Oksidet vil likevel spaltast tilbake til kvikksølv og oksygen ved oppvarming til ca. 450 °C. Reaksjonen er av historisk interesse fordi han vart nytta av Joseph Priestley ved påvising av oksygen i 1774.

Kvikksølv reagerer raskt med ozon, halogena, hydrogenperoksid og anna, og blir løyste i varm salpetersyre eller svovelsyre.

Kvikksølv løyser mange metall som kopar, sølv, gull, natrium og sink og dannar legeringar som blir kalla amalgam (frå latin argentum vivum, «flytande sølv»). Kvikksølv løyser ikkje jern og kan derfor oppbevarast i jernkar. Amalgam med sølv, tinn og kopar har vore viktige tannfyllingsmateriale. Amalgam med til dømes natrium blir brukte som reduksjonsmiddel i syntesar.

Kvikksølv dannar sambindingar og kompleks både i oksidasjonstrinn +I og +II. Døme på Hg(II)sambindingar er kvikksølv(II)oksid, HgO, og kvikksølv(II)sulfid, HgS. Sambindingar av Hg(I) inneheld det toatomige ionet Hg22+. Eit døme er kvikksølv(I)klorid, Hg2Cl2, også kalla kalomel.

Både Hg(I) og Hg(II) er stabile i vatn, men Hg22+-kationet har lett for å disproporsjonere til Hg(II) og Hg. Generelt er Hg22+-sambindinga lite lauslege og dannar få kompleks. Hg(II) derimot dannar mange kompleksambindingar. Eit svært stabilt kompleksion er tetracyanokvikksølv(II), Hg(CN)42−.

Sambindingar med Hg32+ og Hg42+ polykationer er òg kjent, til dømes Hg3 (AlCl42)2.

Framstilling

Kvikksølv blir framstilt ved å varme sulfidet i luft ved høg temperatur, som denne reaksjonslikninga viser:

HgS(s) + O2(g) → Hg(l) + SO2(g)

Kvikksølv kan òg framstillast ved å varme sulfidet med jernfilspon i inert atmosfære:

Fe(s) + HgS(s) → Hg(l) + FeS(s)

I begge prosessane blir kvikksølv destillert av.

Kvikksølv blir raffinert ved kombinasjon av vasking med fortynna salpetersyre, filtrering gjennom glasfilter og destillasjon under høgvakuum.

Toksisitet og bruk

For kroppen er kvikksølv og sambindingar med kvikksølv svært giftig. Ein kan bli forgifta av all kontakt og innanding av kvikksølv. Den giftigaste sambindinga er metylkvikksølv, som gir skadar på sentralnervesystemet. Maritimt liv kan ta opp metylkvikksølv i næringskjedene, som igjen kan ende opp i menneske som et fisk eller andre sjødyr.

På grunn av toksisiteten av kvikksølvsambindingar har bruken gått tilbake. Amalgam blir ikkje lenger brukte til tannfyllingar, og kvikksølvtermometer har vorte erstatta med elektroniske termometer. I 2008 blei det innført forbod i Noreg mot å bruke kvikksølv i produkt. Kvikksølv blir rekna som ei av dei mest skadelege miljøgiftene.

Før i tida brukte ein kvikksølv til å utvinne gull, mellom anna under gullrushet i California frå midten av 1800-talet. I denne prosessen blei det danna amalgam, og gullet blei utvunne ved at kvikksølvet blei kokt bort. Større gruveselskap har slutta med denne metoden, men metoden blir framleis nytta ved illegal gullutvinning.

Historikk

Dei gamle grekarane nytta kvikksølv i hudkrem, og i Romarriket blei det nytta i rouge og leppestift. Heilt sidan oldtida er kvikksølv blitt nytta som legemiddel i Asia. I Europa var det først på 1500–1600-talet at kvikksølv fekk medisinske bruksområde. Kvikksølv blei brukt til avføringsmiddel, mot spedalsksjuke, til plomber i tenner og til å kurere kjønnssjukdomen syfilis.

Namn

Det engelske namnet for kvikksølv er Mercury, oppkalla etter planeten Merkur. Det norske namnet kvikksølv kjem frå norrønt kviksilfr. Det norrøne namnet har same tyding som hydrargyrum, som tyder 'flytande sølv'. Det kjemiske symbolet til kvikksølv (Hg) kjem frå det greske ordet hydrargyrum.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kvikksølv
Smeltepunkt
-38,87 °C
Kokepunkt
356,58 °C
Massetettheit
13,546 g/mL ved 20 °C
Elektronkonfigurasjon
[Xe]4f¹⁴5d¹⁰6s²

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg