Mobbing
Mobbing vert definert som aggressiv åtferd som vert gjentatt over tid og er karakterisert ved eit ujamt styrkeforhold.
Mobbing
Av /NTB.
Digital mobbing
Digital mobbing vert utøvd på mange ulike måtar gjennom mobiltelefonsamtalar, tekstmeldingar, bilde eller videoklipp, e-post, chat, nettsider eller sosiale media.
Digital mobbing
Av /NTB.

Mobbing vert definert som aggressiv åtferd som vert gjentatt over tid og er karakterisert ved eit ujamt styrkeforhold. Det er vanleg å seie at det er mobbing når plaginga skjer kvar veke eller oftare, men for den som vert ramma, kan også plaging som skjer sjeldnare enn éin gong i veka, vere ei vesentleg belastning.

Faktaboks

Etymologi
engelsk, til mobb

Sentrale forskarar på mobbing nasjonalt og internasjonalt er relativt samstemde om definisjonen som vart utvikla av Dan Olweus og Erling Roland i 1983.

Mobbing kan ha ulike former som slag, spark og liknande, eller gå føre seg i form av utestenging eller isolering. Dei seinare åra har ein ny type mobbing fått auka merksemd, gjerne omtalt som digital mobbing, der mobbinga ikkje skjer ansikt til ansikt, men ved hjelp av mobiltelefon, ulike typar sosiale medium og liknande.

Vondsinna erting som vert gjentatt mange gonger, kan vere mobbing. Samstundes kan episodar som skjer berre éin gong ha karakter av mobbing. Sjølv om faglitteraturen nyttar avgrensinga éin gong i veka eller oftare, skal også mobbing som skjer sjeldnare medføre at ein grip inn.

Mobbing mellom elevar på skulen eller born i barnehagen kan ha alvorlege konsekvensar psykologisk, sosialt og fagleg både for den som vert utsett for mobbing og for den som mobbar. Difor har det dei seinare åra vore auka fokus på mobbing.

Omfang

Sjølv om omfanget av mobbing varierer frå land til land, har ei rekkje studier internasjonalt over om lag 40 år avdekt at minst fem til ti prosent av elevar i skulen vert mobba regelmessig, og om lag fem prosent av elevane utset andre for mobbing ofte. Desse tala har vore relativt stabile over ein lang periode, heilt frå starten av 1970-talet.

Omfanget av mobbing i Noreg har vore tilsvarande det vi har sett internasjonalt. Eit unntak er at vi i Noreg såg ein markant reduksjon av mobbing frå 2001 til 2004. Denne perioden fell om lag saman med perioden for det første Manifest mot mobbing som vart innført i 2002, initiert av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik. I denne perioden var norske skular svært opptekne av mobbing, og mange hundre skular deltok i tiltak mot mobbing med dokumentert effekt, som Olweus-programmet eller Zero-programmet.

Diverre auka omfanget av mobbing i perioden 2004–2008 igjen då søkelyset på på mobbing avtok og langt færre skular nytta effektive tiltak mot mobbing.

I perioden etter det første Manifest mot mobbing har det vorte fornya med nye manifest fram til 2016. Då vart Manifest mot mobbing erstatta av det første partnerskap mot mobbing som gjaldt for perioden 2016–2021. Partnerskap mot mobbing vart vidareført for perioden 2021-2025.

Mobbing i barnehagen

Både mellom fagfolk og i media har det vore mest fokus på mobbing i skulen, og det meste av kunnskapen vi har om mobbing, er utvikla i tilknytning til skulen. Samstundes vil fagfolk i barnehagen kunne kjenne igjen mobbeåtferd også i barnehagen.

Dette vert støtta av studier både nasjonalt og internasjonalt, sjølv om vi framleis har mindre forsking på mobbing i barnehagen enn i skulen. Særleg mellom dei eldste borna i barnehagen kan ein sjå mobbing, men det betyr ikkje at ikkje yngre born òg kan vere aggressive mot kvarandre.

Lovfesta rett til eit mobbefritt læringsmiljø

Opplæringslova § 9a slår fast at elevar har rett til eit godt psykososialt læringsmiljø. Dette gjer at skulen og alle tilsette har plikt til å førebygge mobbing og å gripe inn når mobbing skjer. Det er eleven som definerer om han eller ho vert utsett for mobbing.

Opplæringslova § 9a-4 viser til ei tydeleg aktivitetsplikt for skulen. Her vert det stilt tydelege krav til kva som skal gjerast; skulen skal fylgje med, gripe inn, varsle, undersøke og sette inn tiltak. Det gjeld alle som jobbar i skulen.

Skular og lærarar som får melding om mobbing, har såleis plikt til å gripe inn straks. Det er òg krav om at skulen skal dokumentere kva som vert gjort for å oppfylle aktivitetsplikta.

Mobbing i arbeidslivet

Om lag fem prosent oppgir at dei kjenner seg mobba på jobben, medan mange fleire opplever konfliktar eller meir enkeltståande episodar. Som for elevar kan dei sosiale og psykiske konsekvensane vere svært alvorlege.

Arbeidsmiljølova gir eit klart forbod mot mobbing gjennom ulike formuleringar og pålegg til arbeidsgjevaren både for å førebygge og handtere slike problem i arbeidsmiljøet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Auestad, G. (2013) Skolens støtte til mobbeofferet. Stavanger: Læringsmiljøsenteret, Universitetet I Stavanger. Fulltekst hos Læringsmiljøsenteret
  • Einarsen S., Glasø L. & Nielsen M.B. (2008). Mobbing i arbeidslivet: En litteraturoversikt. Tidsskrift for Norsk Psykologforening 45(3): 308–317.
  • Einarsen S., Raknes B.I., Matthiesen S.B. & Hellesøy O.H. (1994). Mobbing og harde personkonflikter. Helsefarlig samspill på arbeidsplassen. Bergen: Sigma forlag.
  • Læringsmiljøsenteret (2017) §9A-4 Aktivitetsplikten. Stavanger: Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger
  • Roland, E. (2007) Mobbingens psykologi. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Roland, E. (2011). The broken curve: Effects of the Norwegian Manifesto Against Bullying. International Journal of Behavioral Development, 35(5), 383–388.
  • Olweus, D. (2001) Mobbing i skolen – hva vet vi og hva kan vi gjøre? Oslo: Gyldendal.

Kommentarar (6)

skreiv Øyvind Lundberg Nilsen

Begrepet mobbing ble første brukt i norsk tekst i 1994. I en oversatt amerikansk novelle står det at "negeren var redd for at de skulle mobbe ham" den gangen betød mobbing å bli hengt. Begrepet dukket opp igjen i 1968 i en svensk avis skrevet av den svenske lege P.-P. Heinemann. Artikkel handlet om hvordan svenskene behandlet sine nye landsmenn,begrepet pøbel var ikke dekkende til hvordan de ble behandlet slik at han mente at man måtte bruke begrepet mobbing som var mer dekkende.

svarte Georg Kjøll

Hei Øyvind. Takk for innspill! Jeg tror årstallet 1994 må være feil, da jeg finner flere eksempler i aviser fra lenge før dette. Men hvilken novelle er det snakk om? Og hvordan vet vi at denne teksten er det første eksempelet?Hilsen Georg KjøllRedaktør

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg