Vener

Overflatiske vener i beinet og armen.

Av /Store medisinske leksikon ※.
Blodprøvetaking

Blodprøver blir som regel tekne frå vener. Her blir det teke ei blodprøve frå ei vene i olbogen. Etter at blodprøva er teken og nåla er trekt ut, held blodprøvetakaren eller pasienten ein bomullsdott (tupfer) over såret så det skal slutte å blø. Tupferen blir gjerne halden fast med ein bandasje nokre timar i etterkant.

Blodprøvetaking
Av /Shutterstock.
Blodomløpet

Blodomløpet. Dei største venene, sett framanfrå.

Av /KF-arkiv ※.

Vener er blodårer som fører blodet frå kroppen til hjartet. Blodårer som fører blod frå hjartet til kroppen blir kalla arteriar. Ofte følgjer to mindre vener ein arterie i krinsløpet.

Faktaboks

Etymologi
latin: vena, fleirtal: venae
Også kjend som
samleåre, eintal blir forkorta 'v', fleirtal blir forkorta 'vv'

Dei fleste venene samlar oksygenfattig blod frå kroppen og fører det til hjartet og lungene. Venene i armane og beina er synlege under huda. Dei har veneklaffar som hindrar at blodet strøymer «feil veg», det vil seie vekk frå hjartet. Blodtrykket i venene er svært lågt samanlikna med trykket i arteriane.

Veneklaffar

Venene i armane og beina har klaffar som hindrar tilbakestrøyming av blod. Muskelsamantrekking gjennom vanlig aktivitet vil trykke på utsida av venene og verkar som ei pumpe.

Av /Shutterstock.

Funksjon

Funksjonen til venene er å samle blod frå kapillara ute i vevet og føre det til hjartet. Venene pulserer derfor ikkje. Dei minste venene som samlar blodet frå kapillara, blir kalla venolar. Dei samlar seg til større vener som tømmer blodet sitt i dei to store holvenene (vena cava superior og vena cava inferior), som munnar frå kvar si side inn i det høgre framkammeret i hjartet.

Dei fleste venene fører oksygenfattig blod. Unntaka er lungevena (vena pulmonalis), som fører blod frå lungene til det venstre framkammeret i hjartet, og navlevena hos fosteret (vena umbilicalis), som fører blod til det høgre framkammeret. Begge desse fører oksygenrikt blod.

Fordi mange av venene ligg like under huda, det vil seie mellom huda og muskulaturen, vil dei også ha noko å seie for temperaturreguleringa i kroppen. Til dømes vil årene på handbaken bli større på varme dagar og mindre i vinterkulda. Vi kaller slike ekstremitetsvener epifasciale eller overflatiske (venae superficiales). Samstundes går det djupare, ofte doble sentrale vener (venae profundae) saman med tilsvarande arteriar i ekstremitetane, rikt forsynt med klaffar. Sambandet mellom dei djupe og dei overflatiske venene blir kalla kommunikantar eller kommunikantvener.

Oppbygging

Veggene i venene er i hovudtrekk bygde opp på same måte som arteriane, med tre lag:

  • tunica intima, det inste laget, som består av celler (plateepitel)
  • tunica media, det midtarste laget, som består av eitt eller to lag glatt muskulatur med bindevev – dette laget er vesentleg tynnare i venene enn i arteriane
  • tunica adventitia, det ytste laget, som består av laust bindevev som festar venene til omgjevnadene, samstundes som det gjer ei viss innbyrdes rørsle mogleg.

Grensene mellom dei enkelte laga er mindre markerte i venene enn i arteriane.

Venene kan ha svært ulik diameter, frå under éin millimeter (venolar) til over éin centimeter. Eit område der vena er særleg utvida, blir ofte kalla venesinus.

Veneklaffar

Sidan blodtrykket i venene er svært lågt, er dei ikkje sjølve i stand til å føre blodet opp til hjartet. Blodet strøymer passivt ved ein trykkgradient: På venesida er det høgare trykk ute i kroppen enn i hjartet. Til hjelp for dette er venene i armane og beina utstyrte med lommeforma veneklaffar (valvulae venarum) av bindevev, innvendig kledd med intima. Dei gjer det mogleg å føre blodet mot tyngdekrafta opp til hjartet ved hjelp av aktiviteten til den omkringliggjande skjelettmuskulaturen.

Klaffane deler vena i fleire mindre einingar i opptil 20 centimeters avstand, og minskar dermed trykket som blodsøyla elles ville utøvd på åreveggen. Då veneklaffane hindrar tilbakestrøyming av blodet, vil musklane i armane og beina klemme åreveggen saman og på den måten presse eller pumpe blodet mot hjartet.

Dersom åreveggen blir svekt eller forkalka, kan det resultere i at klaffane ikkje sluttar ordentleg saman og blir utette. Med det vil presset av blodsøyla utvide venene ytterlegare, noko som kan føre til forandringar i vevsstrukturen i venene (åreknutar).

I bryst- og bukhola, og i hjernen, er det ikkje veneklaffar. Her blir blodet ført oppover ved hjelp av dei endra trykkforholda som kjem av at vi pustar, og dessutan ved trykkreduksjonen i framkammera ved senkinga av klaffeplanet. Frå dei delane av kroppen som er høgare enn hjartet, blir veneløpet påverka av tyngdekrafta. Trykket her er derfor litt mindre enn i venene i underekstremitetane, og åreveggen er endå tynnare. Eit hemodynamisk særtilfelle finn vi i portvena i levra (vena portae), der media-muskulaturen fører blodet mot levra i regelmessige kontraksjonar.

Blodtrykket i venene

På grunn av det låge blodtrykket i venene er muskellaget deira generelt vesentleg tynnare enn i arteriane, og det er heller ikkje så mykje elastiske fibrar. Likevel er dei i prinsippet bygde opp på same måte, og dei er forsynte med eigne blodkar (vasa vasorum) til den glatte muskulaturen. Dei blir forsynte sensorisk og motorisk av det autonome nervesystemet.

Trykket hos ein ståande normalperson er omtrent slik:

Sjukdommar i venene

Ein av dei vanlegaste tilstandane knytt til venene er åreknutar (varicer). Ein kan også få blodproppar i venene (venetrombose), spesielt i samband med betennelsesprosessar (årebetennelse).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg