Norsk mat og matkultur ber preg av det marginale jordbruket og tøffe klimaet i Noreg. Råvarene har vore tilgjengelege i relativt korte sesongar og ofte i store mengder, slik som under torskefisket, sildefisket, innhaustinga av korn, opptak av poteter og slaktinga av dyr. Behovet for å konservere råvarer medan dei er i sesong, slik at dei rekk til eit heilt års forbruk, er grunnlaget for mykje av den norske matkulturen.Tradisjonell norsk matkultur vart i hovudsak til i tida til sjølvbergingshushaldet – det vil seie då kvar gard dyrka sin eigen mat og hausta frå naturen gjennom jakt, fangst og sanking. Hele artikkelen