Lund
Lund er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen ligg heilt søraust i Dalane og har grense til Agder.Lund omfattar vestbreidda av det store Lundevatnet og dal- og heieområda nord og vest for dette, mellom anna Drangsdalen og dalføret til Storåna, likeins øvre del av Sokndalsvassdraget og Teksåna i Hellelandsvassdraget i nordvest (Heskestad sokn).Lund fekk dei noverande grensene sine i 1965, då ein del av den tidlegare Heskestad kommune, det noverande Heskestad sokn, blei innlemma.
Hele artikkelen
Sist oppdatert
- Drangsdalen: bilde oppdatert av Halvard Hiis (SNL)
- Drangsdalen: oppdatert av Omsetjing til nynorsk (SNL)
- Lund: oppdatert av Audun Rugstad (SNL)
- Heskestad: Tomaris Semet (SNL) godkjente et endringsforslag fra Sverre Olav Lundal