Calvé-Legg-Perthes' sjukdom er ein tilstand der leddhovudet på lårbeinet (caput femoris) blir øydelagt.

Faktaboks

Uttale

kalvé-legg-pertes

Etymologi

Tilstanden har namn etter den franske legen Jacques Calvé (1875–1954), den amerikanske legen Arthur Thornton Legg (1874–1939) og den tyske kirurgen Georg Perthes (1869–1927).

Også kjend som

epifysenekrose

Årsak

Denne tilstanden oppstår vanlegvis i fire- til åtteårsalderen og førekjem oftast hos gutar. Årsaka er ukjend.

Symptom og funn

Symptoma er halting og smerter.

Behandling

Behandlinga går ut på å avlaste leddet. Det kan gjerast på ulike måtar. Yngre barn har ein relativt god prognose, medan det hos eldre barn ofte kjem ei varig forandring i leddhovudet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg