Elektronmikroskopisk bilete av raude blodceller som viser formforandringane under lagring frå normale elliptiske celler (A) til runde sferocyttar (F).
.

SAG er ei kortform av «SAGMAN-blod», som er ei hyppig brukt forkorting for eit konsentrat av raude blodceller.

Uttrykket tek utgangspunkt i nemninga på den kunstige løysninga (SAGMAN) som blir brukt til å lagre raude blodceller i blodbankane. SAGMAN er ei forkorting for Saltvatn-Adenin-Glukose-Mannitol. Bestilling av to SAG betyr at pasienten skal ha konsentrat av raude blodceller frå to blodgivarar. SAGMAN tillèt lagring i 35 dagar og gir då ei overleving av dei raude blodcellene på over 75 prosent. Kunstige løysningar som gjer det mogleg å lagre raude blodceller i opptil åtte veker, er utvikla og vil gradvis erstatte SAGMAN.

I fullblod er dei raude blodcellene utsette for plasmaprotein, mellom anna enzym som kan skade cellemembranen. Dei raude blodcellene blir difor lagra i kunstige løysningar som berre inneheld små mengder blodplasma. Også i slike løysningar vil dei raude blodcellene vise aldersforandringar. Aldersforandringar kan sjåast som gradvis tap av den elliptiske forma, med overgang til «piggeple»-fasong der piggane gradvis blir frigjorde som små partiklar og blodcella til slutt går over til kuleform.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg