Artikkelstart
Biopati er ein behandlingsmetode innanfor alternativ medisin. Metoden byggjer på at den menneskelege organismen har ein fysiologisk, indre balanse som er avhengig av fleire biologiske faktorar.
Faktaboks
- Etymologi
-
frå gresk bios, liv, og pathos, liding
Ubalanse blir ifølgje biopatien retta opp med hjelp frå ei rekkje terapiar, mellom anna kostterapi, vitamin- og mineralterapi, immunterapi og biologisk avgifting.
Dei som driv med biopati, vert kalla biopatar. Biopati vart grunnlagt av den danske biopaten Kurt Nielsen i 1980.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.