Grøn resept er tiltak for å gjera legar og pasientar meir bevisste på behandling av livsstilssjukdommar utan bruk av medisinar. Ein grøn resept er ein avtale mellom fastlegen og pasienten som angir type, frekvens og dosering av behandlingsformer som eit alternativ til bruk av legemiddel.

Grøn resept er særleg tenkt brukt ved tiltak som er knytte til kosthald og fysisk aktivitet hos personar med høgt blodtrykk, diabetes type 2 og sjukleg overvekt, det vil seia BMI (kroppmasseindeks) over 30.

For å stimulera til bruk av ikkje-medikamentelle behandlingsformer får fastlegar ekstra betalt frå det offentlege når dei nyttar grøn resept. Det er då ein føresetnad at behandlinga som blir tilrådd, er i samsvar med program som er tilrådde av Helsedirektoratet, og at pasienten ikkje treng eller bruker legemiddel mot sjukdommen.

Grøn resept blei innført av helseminister Dagfinn Høybråten hausten 2003.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg