Alpegullregn
Alpegullregn blir til eit lite tre med alderen.
Gullregn, alle delane av treet er svært giftige.
.

Gullregnslekta er ei slekt buskar og små tre i erteblomfamilien. Plantane har gule blomar som heng i lange klasar. Artane er giftige, og Giftinformasjonen bør kontaktast om det er mistanke om at nokon har ete plantedelar frå artar i gullregnslekta.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Laburnum
Beskriven av
Philipp Conrad Fabricius

Artane er framande i norsk natur, og dei to artane gullregn (Laburnum anagyroides) og alpegullregn (L. alpinum) er vurderte av Artsdatabanken til å utgjera ein svært høg økologisk risiko mot norsk natur. Desse artane er forbodne å innføre, setja ut og omsetja i Noreg.

Eigenskapar

Artane i gullregnslekta er buskar og små tre med trekopla blad. Dei femtalige blomane sit saman i hengande blomeklasar. Fruktene som blir danna, er belgfrukter som inneheld flate, brune frø som kan minne om erter.

Utbreiing

Artane i slekta stammar frå Sør-Europa. I Noreg er artane gullregn, alpegullregn og hybriden hybridgullregn framande artar som er forvilla i naturen.

Bruk

Artane i slekta er brukte som prydbuskar og tre i hagar og parkar. Veden til artane i slekta er hard og verdifull og blir brukt til finare snikkararbeid, kjend som dansk pokkenholt.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Domene Eukaryotar Eukarya
Rike Planteriket Plantae
Rekkje Dekkfrøa plantar Angiospermae
Klasse Ekte tofrøblada plantar Eudicotidae
Klade Rosidene Rosidae
Orden Erteblomordenen Fabales
Familie Erteblomfamilien Fabaceae
Slekt Gullregnslekta Laburnum

Giftinformasjon

Alle plantedelane, men særleg frøa i belgene, inneheld eit alkaloid, cytisin, som har omtrent dei same giftverknadene som nikotin. Ein porsjon på 2–10 frø er tilstrekkeleg til å framkalle ei alvorleg forgifting.

Symptoma er svimmelheit, hovudverk, sterk sveitting, kvalme, kraftig oppkastsjau, diaré, utvida pupillar, eventuelt krampar. Dødsfall har skjedd ved ein dose som svarer til ca. ti belger. På grunn av sterk svie på tunga og i munnslimhinna vil inntaket ofte avgrense seg sjølv. Alvorlege symptom kan sjåast også etter fleire timar.

Behandlinga er den same som ved akutt forgifting. Behandling av gullregnforgifting består først og fremst i å gi drikke, eventuelt med medisinsk kol. Kontakt lege eller Giftinformasjonen ved mistanke om at nokon har ete gullregn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

gullregnslekta
Laburnum
Artsdatabanken-ID
101937
GBIF-ID
3234737

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg