hen

Artikkelstart

Hen er eit kjønnsnøytralt eller kjønnsmangfaldig pronomen i tredje person eintal. Det kan brukast der kjønnet er ukjent, og då i staden for ho/han eller vedkomande. Det kan også nyttast der kjønn ikkje har noko å seie, eller der personar ikkje definerer seg som mann eller kvinne.

Faktaboks

Uttale

henn

Etymologi
svensk hen, frå finsk hän ‘han, ho’

For å omtale ein person som ikkje ønskjer å definerast som mann eller kvinne, begynte somme å ta i bruk det personlege pronomenet hin. Dette blei etter innspel frå Språkrådet endra til hen.

Pronomenet hen har vore meir utbreidd i bruk i Sverige og blei teke inn i Svenska Akademiens ordlista i 2015. Ordet blei teke inn i Det Norske Akademis ordbok i 2017. Hen er meint å vere kjønnsnøytralt eller kjønnsmangfaldig, og eit tillegg til han og ho.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer (5)

skrev Sverre Olav Lundal

Er ikkje ein annan bruk av hen i tydinga han eller ho?

svarte Georg Kjøll

Hei Sverre Olav og Esben Esther. 'Hen' kan også brukes når man ikke ønsker å spesifisere (for eksempel fordi det ikke er relevant) eller kjenner til vedkommendes kjønn. Alt godt fra Georg

skrev Gjert Kristoffersen

Hei. Jeg stusser litt over at hens blir satt opp som flertallsform. Hen er vel i utgangspunktet en entallsform, og et alternativ til de etablerte entallsformene han og hun. Disse har begge den kjønnsnøytrale flertallsformen de, og det er vel ingen grunn til at dette ikke skulle kunne dekke hen også? Hens blir for øvrig ført opp i Svenska Akademiens ordliste (ikke ordbok) som eiendomsformen av en, f.eks. i 'Det er hens bok'. Vennlig hilsen Gjert Kristoffersen

svarte Gunn Hild Lem

Du har helt rett. Hens er en genitivsform. Det er nå rettet i artikkelen. Mvh Gunn Hild Lem

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg