hyperaktivitet

Artikkelstart

Hyperaktivitet er i psykologien ei nemning for åtferd, særleg hos born, som er kjenneteikna av at barnet nesten alltid er i rastlaus rørsle eller aktivitet. Hyperaktive born har ofte konsentrasjonsvanskar.

Ein uttalt hyperaktivitet kan sjåast på som eit meir sekundært symptom på problem av nevrotisk art, og går inn i symptombiletet på fleire syndrom, som ADHD/MBD.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg