Hypokonder kjem frå det greske ordet hypo, som tyder under, mindre, og khondros, som tyder brusk eller brystbrusk. Ein person som lir av hypokondri, har overdriven frykt for å vere eller verte sjuk. Følgjeleg har han eller ho lett for å innbille seg at han eller ho lir av sjukdom. I antikken trudde dei at sjukdomane hadde sete i partiet under ribbeinsbruskane, det såkalla hypochondriet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg