ikkje-binær (ikke-binær)

Det ikkje-binære stolthetsflagget (non-binary pride flag)
Wikimedia Commons.

Artikkelstart

Ikkje-binær (ikke-binær) er personar som identifiserer seg med eit anna kjønn enn kategoriane mann og kvinne, som identifiserer seg med begge desse kjønnskategoriane, eller som opplever at kjønnsidentiteten er flytande og i endring gjennom livet. Ikkje-binær kan også vise til personar som ikkje identifiserer seg med nokon kjønnskategori i det heile tatt, altså som ikkje kjenner på ein tydeleg kjønnsidentitet, eller som identifiserer seg med andre kjønnskategoriar enn mann og kvinne, for eksempel eit tredje kjønn.

Faktaboks

Også kjent som

engelsk non-binary

Ordet ikkje-binær kjem frå omgrepet binær, som betyr at eit fenomen bygger på to delar. Ein person som har ein binær kjønnsidentitet opplever å vere enten mann eller kvinne, altså at identifisering med den eine kjønnskategorien inneber at ein ikkje identifiserer seg med den andre. Ein person som er ikkje-binær kjenner seg altså ikkje igjen i ei binær kjønnsforståing, og bryt såleis med tokjønnsmodellen.

Sidan byrjinga av 2000-talet har fleire personar byrja uttrykke offentleg at dei identifiserer seg med ein ikkje-binær kjønnsidentitet, eller på ulike vis ikkje kjenner seg igjen i tokjønnsmodellen. Det er vanskeleg å slå fast kor mange i befolkninga som identifiserer seg som ikkje-binær, men i ein norsk studie blant ungdomsskuleelevar svarte 1,3 prosent at dei verken er mann eller kvinne. Internasjonale studiar tyder på at det er fleire ikkje-binære i dei yngre delane av befolkninga, altså at det finst generasjonsforskjellar. Samstundes har også tidlegare samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking på kjønnsidentitet vist av ein del av befolkninga svarer at dei til ein viss grad kjenner seg att i begge kjønn.

Eit historisk og kulturelt blikk på ikkje-binær

Ikkje-binær som omgrep kan sporast tilbake til aktivistar og skribentar som på ulike vis har prøvd å sette ord på erfaringar knytt til det å ikkje kjenne seg att i dei tradisjonelle kjønnskategoriane kvinne og mann, eller som opplever at ikkje forskjellane mellom dei to kjønnskategoriane er så tydelege. Omgrepet ikkje-binær ser ut til å ha vore brukt for første gong på byrjinga av 2000-tallet, til dømes i artikkelsamlinga Unseen Genders: Beyond Binaries fra 2001,redigert av dei australske akademikarane Felicity Haynes og Tarquam McKenna.

Sjølv om omgrepet ikkje-binær er av nyare dato, så finst det mange historiske eksempel på personar som ikkje har identifisert seg som verken mann eller kvinne, eller som på ulike måtar har utfordra tokjønnsmodellen. Dei siste åra har ikkje-binær i aukande grad blitt ein meiningsfull kategori særleg for ungdommar. Dette heng truleg saman med at den offentlege samtalen omkring kjønn i større grad opnar opp for ord og omgrep som skildrar eit større mangfald av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk, og som utfordrar dei meir tradisjonelle kvinne- og mannskategoriane. Innan kulturstudiar har det dessutan vore kjend i lang tid at det i fleire ikkje-vestlege kulturar finst personar som høyrer til andre kategoriar enn kvinne eller mann, til dømes hijra i India, travesti i fleire Latin-Amerikanske land, kathoey i Thailand og two spirit blant innfødte amerikanarar.

Ikkje-binær som sosial forhandling

Ikkje-binær kjønnsidentitet er eit klart brot med tokjønnsmodellen og forventninga om at det berre er mogleg å identifisere seg med eitt kjønn, og at dette kjønnet er anten mann eller kvinne. Samstundes har både feministar og forskarar innan psykologi, samfunnsvitskap og humaniora i fleire tiår utvida det språklege repertoaret for kjønn. For eksempel har eit omgrep som androgyn kjønnsrolle vore meint å vise at det går an å kjenne seg att i både feminine og maskuline trekk. Vidare har omgrep som sosialt kjønn vist til at kulturen legg føringar for korleis kvinner og menn skal leve livet. Det er derfor ikkje nødvendigvis noko nytt å anerkjenne at menneske kan ha trekk som bryt med tradisjonelle kjønnsroller, eller som på ulike måtar utfordrar kjønnsnormer.

Samstundes bør ikkje-binær som alle andre identitetar, forståast i lys av det samfunnet vi lever i. Det å identifisere seg som ikkje-binær og oppleve dette som ein meiningsfull kategori føreset med andre ord ein kultur som opnar opp for slike kategoriar. Språket er særleg viktig i så måte, og kva slags betydning forskjellige ord og omgrep har er stadig i endring. Historia er full av døme på at førestillingane i samfunnet om kva som er typisk mannleg og kvinneleg kan endre seg. Dette betyr at kva det inneber å vere mann og kvinne alltid har vore i endring, og at kulturen er i endring. På same måte bør ikkje-binær forståast som ei forhandling mellom enkeltpersonar og samfunnet. Det er derfor grunn til å tru at kva det inneber å identifisere seg som ikkje-binær vil endre seg over tid, på same måte som kvinne- og mannskategoriane.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg