Residual- kjem frå latin residuum som tyder rest. I medisinen er tydinga rest- eller resterande. Residual-luft er den lufta som er att i lungene når ein pustar ut så djupt som råd. Hos vaksne er det om lag 1 liter. Residual-lamming er ein varig rest av lamming til dømes etter eit hjerneslag. Residual-urin er den urinen som er att i blæra etter urinering.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg