Ein mRNA-tråd som lagar fleire protein samstundes.

Ein mRNA-tråd kan ha fleire ribosom festa til seg og lage mange protein på éin gong. Ribosoma bevegar seg bortover på mRNA-tråden og legg til nye aminosyrer (farga sirklar) etter kvart som det les av bokstavane i tråden. Avstanden mellom ribosoma og storleiken på aminosyrene er ikkje reelle, og er berre for illustrasjon.

Ein mRNA-tråd som lagar fleire protein samstundes.
Av /BioRender.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Translasjon er ein prosess i cella, der protein blir bygd opp ved hjelp av eit mRNA-templat. Baserekkjefølgja i mRNA-molekylet blir omsett til aminosyrerekkjefølgja i proteinet som blir laga. Prosessen er det siste trinnet i proteinsyntesen. Translasjon finn stad på ribosoma i cella sitt cytoplasma. Translasjonen kan delast inn i tre trinn: initiering, elongering og terminering.

Faktaboks

Etymologi
frå latin translatio, ‘omsetjing’

I den første delen av proteinsyntesen, såkalla transkripsjon, blir det danna ein mRNA-kopi av ein gensekvens som kodar for eit protein. I prokaryote celler skjer både transkripsjon og translasjon i cytoplasmaet av cella. I eukaryote skjer transkripsjonen i cellekjernen, før mRNA-kopien blir send ut i cytoplasmaet, der translasjonen finn stad.

Fleire protein og enzym deltek i translasjonsprosessen, og desse er noko ulike hjå prokaryote og eukaryote celler. Denne teksten skildrar translasjon hjå eukaroyte celler.

Initiering

Tre hovudkomponentar trengst for at translasjon kan setjast i gang:

  • Eit ribosom, som finst som éi lita og éi stor subeining.
  • Eit mRNA-molekyl frå cellekjernen, som inneheld oppskrifta på proteinet som skal lagast.
  • Eit tRNA-molekyl, som ber den første aminosyra i proteinet som skal lagast. Den første aminosyra er som oftast metionin.

Når desse komponentane blir bunde saman på rett måte, utgjer dei ein struktur me kallar initieringskomplekset.

tRNA-molekylet med den første aminosyra festar seg først til den vesle subeininga av ribosomet. Desse to vil saman binde den eine enden av mRNA-molekylet og deretter bevege seg langs mRNA-et på leiting etter eit start-kodon. Når samansetninga av tRNA og den vesle ribosomale subeininga finn eit start-kodon, vil den store ribosomale subeininga feste seg til strukturen og danne initieringskomplekset.

Elongering

I elongeringsprosessen blir aminosyrekjeda forlengd (av engelsk elongation, 'forlenging'). Etter initieringa består kjeda berre av éi aminosyre, som framleis er festa til sitt tilhøyrande tRNA-molekyl. For å forlengje kjeda må ei anna aminosyre, som òg er bunden til eit tRNA-molekyl, bli sett saman med den første aminosyra. Aminosyrene blir bundne saman av peptidbindingar og dannar ei aminosyrekjede, som til slutt utgjer proteinet.

Rekkjefølgja på tre og tre basar i mRNA-molekylet (kalla kodon) bestemmer kva tRNA, og dermed kva aminosyre, som blir den neste i aminosyrekjeda. Kva tRNA-molekyl som bind dei spesifikke kodona er bestemt av den genetiske koden. Når rett tRNA-molekyl bind det neste kodonet på mRNA-templatet, vil aminosyra som tRNA-molekylet ber på binde seg til den førre aminosyra i kjeda. Dette vil bryte aminosyra si binding til tRNA-molekylet. Etter at tRNA-molekylet har mista aminosyra si, slepper det ribosomet, og ribosomet vil bevege seg bortover mRNA-templatet. Slik kan eit nytt kodon på mRNA-templatet bli avlese, og aminosyrekjeda blir forlengd med éi og éi aminosyre av gongen.

Terminering

Translasjon blir avslutta i termineringsprosessen (av engelsk terminate, 'avslutte'). I termineringa slepper ribosomet den ferdige aminosyrekjeda. Denne aminosyrekjeda er primærstrukturen til proteinet, som sidan blir falda til protein.

Terminering skjer når ribosomet les av eit stopp-kodon på mRNA-templatet. Det finst tre ulike stopp-kodon: UAA, UAG og UGA. Alle desse vil avlutte elongering av aminosyrekjeda. Ingen tRNA-molekyl passar til stopp-kodona, og difor kan ingen fleire aminosyrer leggjast til i kjeda.

Proteinsyntese
Translasjon. Syntese av protein frå mRNA. Translasjonen finn stad på ribosom. mRNA-molekylet fester seg til ribosoma, og ved hjelp av tRNA-molekyl som fraktar med seg aminosyrer, blir ei proteinkjede danna. Laga med BioRender.
Proteinsyntese

Ferdig protein – proteinmodifisering

Etter at proteinet er ferdigdanna, kan det gå gjennom proteinmodifisering. Dette kan påverke aktiviteten, funksjonen og stabiliteten til proteinet. Éi av dei vanlegaste proteinmodifiseringane i eukaryote er fosforylering, der ei fosfatgruppe blir hekta på aminosyrekjeda. Andre døme på proteinmodifisering er glykosylering, acetylering og N-terminal acetylering.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg