analytisk

Artikkelstart

Analytisk blir brukt om det som gjeld eller har preg av analyse, eller som har kome fram ved analyse.

Faktaboks

Etymologi
til analyse

Analytisk studie

Ein analytisk studie er laga slik at ein kan studere samanhengar, det vil seie assosiasjonar og moglege årsakssamanhengar. Målet er å identifisere eller måle effekten av risikofaktorar og/eller eksponeringar. Ein analytisk studie kan teste hypotesar, i motsetnad til deskriptive (beskrivande) studiar. Analytiske studiar kan ha ulike forskingsdesign, mellom anna tverrsnittsundersøkingar, kohortstudiar og kasuskontrollstudiar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg