Storitingsmelding nr. 9

Den første stortingsmeldinga som gir ei samla målsetjing for helsetenesta i Noreg. Stortingsmelding nr. 9 (1974–1975), Sykehusbygging m.v. i et regionalisert helsevesen.

LEON er eit administrativt prinsipp om at undersøking og behandling av pasientar skal gjennomførast på lågast mogleg omsorgsnivå i helsetenesta. I praksis betyr dette til dømes at pasientar som kan varetakast forsvarleg på eit lokalsjukehus, ikkje skal visast til eit regionsjukehus utan at dette blir grunngitt fagleg.

Faktaboks

Etymologi

forkorting for lågaste effektive omsorgsnivå

I tråd med dette prinsippet skal kommunehelsetenesta vera basis for dei andre ledda i helsetenesta og ta seg av størstedelen av helseproblema i befolkninga.

LEON-prinsippet blei lansert i Stortingsmelding nr. 9 (1974–1975), Om sykehusbygging m.v. i et regionalisert helsevesen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg