Lateral er eit ord som gjeld sida på noko (side-, -sidig). Døme på samansetningar er bilateral og multilateral.

Faktaboks

Uttale
laterˈal
Etymologi

av latin latus, ‘side’

Anatomi

I anatomien betyr lateral at noko ligg ut til sida, ligg nærmare sida enn midtlinja eller høyrer til sida eller sidene (side-). Motstykket til lateral er medial.

Fonetikk

Ein lateral språklyd er ein språklyd som blir danna ved at luftstraumen slepp ut på den eine sida av eller begge sidene av tunga. Eit døme på ein slik språklyd i norsk og mange andre språk er l (alveolar lateral approksimant, IPA-lydskrift: [l]). Mindre vanlege laterale lydar er blant anna den palatale laterale approksimanten (IPA-lydskrift: [ʎ]), som til dømes ll som i sunnmørsk og trøndersk uttale av all, gl(i) i italiensk, lh i portugisisk, ll i fleire variantar av spansk, og den svært sjeldne palatale laterale frikativen (IPA-lydskrift: [ɬ]), som i trondheimsuttala av l i ordet salt eller tl i tatl, og i walisisk uttale av ll.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg