Anafylaktoid er eit omgrep som brukast om ein reaksjon som er anafylaksiliknande eller allergiliknande, men utan at det skjer ein allergisk immunreaksjon.

Anafylaktoid reaksjon artar seg med omsyn til symptom heilt likt ein anafylaktisk reaksjon. Begge typer reaksjon kan ha alle grader av alvorlegheit, frå lette symptom til sjokk og i verste fall død. Behandlinga er også den same, med adrenalininjeksjon anna enn i lette tilfelle, og i tillegg antihistamin, kortikosteroider og eventuelt astmamedisinar som åpnar luftvegane. 

Symptoma kan komme frå fleire organsystem i ulike kombinasjonar:

  • hud: varmekjensle, kløe, opphovning, raudfarge eller urticaria, eller bleikheit og sveitte
  • lunger og luftvegar: astmasymptom, hoste eller  nysing
  • hals og munn: opphovning av strupe, svelg, tunge eller lepper, pustevanskar, hesheit
  • mage-tarm: magesmerter, kvalme, oppkast, laus avføring
  • hjarte-blodsirkulasjon: hjartebank, uregelmessig puls, rask eller langsom puls, blodtrykksfall, sjokk og hjartestans
  • hjerne og nervesystem: panikk-kjensle, uro, uklarheit, tap av bevisstheita  

Anafylaktoid reaksjon blir også brukt som fellesnemning for reaksjonar som artar seg som anafylaktiske, uansett mekanisme. Det ser likevel ut som ordet anafylaktisk nå meir og meir tar over som slik fellesnemning, saman med nemninga 'ikkje-immunologisk anafylaksi' for anafylaktoid reaksjon.

Årsakene til anafylaktoide reaksjonar er frigjering av  histamin og andre stoff frå mastceller og basofile granulocyttar, slik som ved ein klassisk anafylaktisk reaksjon, men uten at binding av allergen til IgE er mekanismen. Ei anna årsak er histaminforgiftning

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.