Hypersensibilitet er det same som overfølsamheit, det at evna til å oppfatte eit signal er unormalt sterk. Signalet blir oppfatta som sterkare enn det normalt vil bli oppfatta.

Faktaboks

Uttale
hˈypersensibilitˈet
Etymologi
av gresk hyper, ‘over, for mye’, og latin sentire, ‘føle’

Ofte blir hypersensitivitet brukt i same meining som hyperreaktivitet, men reint språkleg er hypersensitivitet ei unormalt sterk evne til å oppfatte eit signal (overfølsamheit, ømtålegheit), medan hyperreaktivitet er unormalt sterk reaksjon som eit resultat av at signalet er oppfatta.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg