Hyperreaktivitet er ein tendens til å reagere unormalt sterkt på noko, eller å reagere på noko som normalt ikkje skulle føre til reaksjon. Reaksjonen på ein påverknad blir unormalt sterk. For eksempel vil inhalasjon av kald luft hos ein person med astmaslimhinna i luftvegane til å trekke seg saman og bli irritert og betent, når slimhinna hos ein frisk person ikkje ville reagere slik.

Ofte blir hyperreaktivitet brukt i same meining som hypersensitivitet, men reint språkleg er hypersensitivitet ei unormalt sterk evne til å oppfatte eit signal (overfølsamheit), medan hyperreaktivitet beskriv reaksjonen som er resultatet av å oppfatte signalet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg