DALY er eit mål på sjukdomsbyrda i ei befolkning og på effekten av tiltak. DALY er ei forkorting for det engelske disability-adjusted life years og kan omsetjast med «leveår justert for funksjonshemming». DALYs kombinerer informasjon om både sjukelegheit og dødelegheit.
Faktaboks
- Etymologi
- forkorting for engelsk disability-adjusted life years
Omgrepet blei lansert av Verdsbanken og følgt opp av Verdshelseorganisasjonen (WHO) i 1990-åra i eit forsøk på å etablere eit samla mål for sjukdomsbyrde som kunne danne grunnlag for samanlikningar på tvers av befolkningar og over tid. DALYs er eit alternativ til QALYs (quality-adjusted life years).
For å berekne DALYs bruker ein opplysningar om forventa levealder og sjukelegheit som så blir justerte med eit mål for grad av funksjonshemming. Kvar tilstand blir vekta på ein skala frå 0 (perfekt helse) til 1 (død) av eit ekspertpanel. Bruken av DALYs er omstridd blant anna fordi det ofte er mangelfulle statistiske opplysningar som ligg til grunn for berekningane, og fordi målet gir ein høgare verdi til funksjonsfriske enn til funksjonshemma, og til middelaldrande samanlikna med eldre individ.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.