Kritikarane av helsedefinisjonen til WHO definerer gjerne helse som evna til å leve med krava til kvardagen. Denne tilnærmingsmåten gir eit godt inntrykk av kva helse er for kvart enkelt menneske, men gir lita eller inga rettleiing for innsats mot grupper eller samfunnet som heilskap. Helsetilstanden til enkeltmenneske og grupper av menneske blir påverka av svært mange ulike faktorar.
I nyare teoriar om helsa til enkeltpersonar vert det lagt vekt på evna til å ta stilling til dei sprikande krava og mangslungne påverknadene mennesket vert utsett for gjennom livet. Den israelsk-amerikanske Aaron Antonovsky (1923–1994) har omtalt sense of coherence (‘oppleving av samanheng’) som eit sett med eigenskapar som er helsefremjande og reduserer risiko for sjukdom. Sentrale element i dette er evna til å forstå, forklare og setje ord på dei intrykka og påkjenningane mennesket vert utsett for, høva ein har for å handtere desse, og den meininga med livet mennesket er i stand til å mobilisere.
I førebyggjande medisin bør det derfor vere eit mål å alltid medverke til at kvart einskild menneske får styrka forståinga av sin situasjon, og får råd til å sjølv påverke denne situasjonen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.