EpiPen er eit registrert handelsnamn på ei adrenalinsprøyte (adrenalinpenn) som er klargjort for bruk av pasienten sjølv eller andre utan medisinsk opplæring. EpiPen skal brukast ved symptom på alvorleg allergisk reaksjon (anafylaksi) mot insektgift (bi- eller kvefsestikk), matvarer, legemiddel og andre allergen, og ved såkalla idiopatisk eller anstrengelsesutløyst anafylaksi.
Pasientar med risiko for alvorleg anafylaktisk reaksjon bør utstyrast med to EpiPen som dei alltid skal ha med seg. Ein bør ikkje vente med å bruke EpiPen dersom symptoma er tydelege – tidsfaktoren er svært viktig og tidleg behandling kan vere avgjerande for å redde liv.
Det er to andre, liknande preparat på marknaden, Jext og Emerade. Adrenalin er forbode etter WADAs dopingliste.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.