LIS1, lege i spesialisering (første del), er stillingstittelen for ein person med medisinsk embetseksamen og autorisasjon som lege, som har gått i gang med den første delen av spesialistutdanninga si. Teneste i LIS1-stilling er normert til 1 ½ år, 1 år i sjukehus og ½ år i kommunehelsetenesta. Sjukehusåret er vanlegvis delt, med eit halvt år ved ei kirurgisk avdeling og eit halvt år ved ei medisinsk avdeling.

Faktaboks

Etymologi

Akronym for lege i spesialisering

Også kjend som

turnuslege

LIS1 svarer det til som tidlegare blei kalla turnusteneste. Skilnaden ligg i at slik teneste ikkje lenger er ein føresetnad for autorisasjon som lege.

Kandidatar frå utanlandske universitet må også gjennomføre LIS1-teneste før dei kan gå i gang med ytterlegare spesialistutdanning i Noreg.

Nærare føresegner om spesialistutdanning for legar finst i forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg