Lege er ein person med medisinsk embetseksamen og offentleg autorisasjon, og som er utdanna til å førebyggje, diagnostisere og behandle sjukdom.

Faktaboks

Også kjend som

lækjar, doktor, dokter

Lege er ein lovbeskytta tittel. Det krevst at ein har autorisasjon eller lisens som lege. Legar arbeider på alle nivå i helsetenesta, både med pasientnære (kliniske) oppgåver, forsking, undervisning og administrasjon. Legar kan også jobbe utanfor helsesektoren.

Autorisasjon

Autorisasjon som lege blir gitt i Noreg etter fullført medisinsk embetseksamen (candidatus medicinae, cand.med.) frå eit norsk universitet eller ein utanlandsk institusjon som gir likeverdig utdanning, og dessutan etterfølgjande turnusteneste (LIS1) som består av eitt års arbeid i sjukehus og eit halvt år i kommunehelsetenesta. Etter EØS-reglane krevst det i tillegg til praksis under studiet og turnusteneste eit års klinisk teneste under rettleiing for å få godkjenning til å utføre sjølvstendig legegjerning. Den som er statsborgar av eit land knytt til EØS-avtalen, har utdanning frå eit EØS-land og dessutan er godkjend lege der, kan på dette grunnlaget få autorisasjon som lege i Noreg. I så fall er det ikkje aktuelt med tilleggsutdanning for å oppnå norsk autorisasjon. Det er det derimot for legar som ikkje fyller kravet frå EØS-avtalen, sjølv om dei har full legeutdanning og er godkjend som lege i heimlandet sitt. Dette gjeld til dømes legar frå USA.

Autorisasjonen som helsepersonell inneber at ein også utanom det vanlege arbeidet sitt har visse særlege forpliktingar. Blant anna er legen pliktig til om nødvendig å yte akutthjelp til personar som har akutt behov for legehjelp når denne ikkje kan ytast i tide av andre.

Autorisasjon som lege gjeld som hovudregel til ein fyller 80 år. Autorisasjonen kan kallast tilbake dersom vilkåra for å gi autorisasjon ikkje lenger er til stades på grunn av til dømes manglande fagleg kompetanse eller spesielle personlege forhold som alvorleg psykisk sjukdom, bruk av rusmiddel eller uverdig åtferd.

Lisens

Lisens som lege kan givast til personar som ikkje fullt ut fyller krava for autorisasjon. Dette gjeld blant anna medisinstudentar mot slutten av studiet. Lisens kan også givast til ein lege som skal halde fram verksemda si etter fylte 80 år.

Legar med lisens er i prinsippet underlagde dei same føresegnene som legar med autorisasjon, men det kan ofte vere sett avgrensingar for verksemda, til dømes i tilgangen til å føreskrive vanedannande legemiddel.

Utdanninga

Utdanninga tek normalt seks til seks og eit halvt år og blir gitt ved dei medisinske fakulteta ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Organisasjon

Omtrent 95 prosent av norske legar er organiserte i Den norske legeforening.

Statistikk

Det er rundt 30 000 yrkesaktive legar i Noreg (2022).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg