Fylkeslege er ein lege i leiande stilling hos statsforvaltaren. Fylkeslegen er leiar for statsforvaltarverksemda overfor helse- og omsorgstenestene, noko som mellom anna inneber å leia statsforvaltaren sitt tilsyn med alt helsevesen og alt helsepersonell i fylket.

Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten fastset at det i kvart fylke skal vera ein fylkeslege.

Historie

Den historiske forløparen til fylkeslegen var stadsfysikus og amtslege, dei eldre nemningane på statlege embetslegar på nivå over kommunane. Ein slik tittel blei nytta om Stadsfysikus i Oslo fram til Stortinget ved lovvedtak i 1989 gjorde om namnet til Fylkeslegen i Oslo.

Til og med 2002 var Fylkeslegen også nemning på embetskontor under leiing av fylkeslegen. Denne ordninga stansa i 2003, då dei allmenne forvaltningsoppgåvene blei lagde inn under fylkesmannen, og tilsynsoppgåvene blei overførte til Helsetilsynet i fylket. Frå 2012 opphøyrde nemninga Helsetilsynet i fylket, og tilsynsverksemda med helse- og omsorgstenesta blei overført til fylkesmannen.

Fylkeslegen blei fram til 1. juli 2015 utnemnd som embetsmann av Kongen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg