Helsepersonell er ei fellesnemning på tre grupper personar:
- Dei som har autorisasjon eller lisens som helsepersonell.
- Personell utan autorisasjon som yter helsehjelp i helse- og omsorgstenesta eller i apotek.
- Studentar og elevar under helsefagleg opplæring når desse yter helsehjelp.
Lisens kan etter § 49 i helsepersonellova givast til dei som ikkje har rett til autorisasjon, men som likevel blir rekna som skikka til å opptre som helsepersonell. Det kan til dømes vere legestudentar som er i aller siste del av studiet, og som skal arbeide som legevikarar ved sjukehus.
Dei personellgruppene som blir omfatta av autorisasjonsordninga, er angitt i § 48 i helsepersonellova.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.