Intervalltrening er ei treningsform som blir nytta for å auke kondisjonen, og som består av ei veksling mellom kvile og arbeid eller høgare og lågare treningsintensitet.

Overordna deler ein kondisjonstrening i to retningar: kontinuerleg arbeid og intervalltrening. Det finst igjen ulike metodar for intervalltrening, som lang-intervall, kort-intervall, naturleg intervall og fartsleik. Desse har til felles at dei inneber ei veksling mellom arbeid og pausar, mens varigheita og intensiteten på både intervalla og pausane er ulik.

Ein kan gjennomføre intervalltrening ved ulike aktivitetar som løping, sykling, symjing eller langrenn. Ei vanleg form for intervalltrening er den såkalla «4×4-metoden», der ein vekslar mellom å til dømes springe i fire minutt på høg intensitet, for så å drive aktiv kvile der ein spring roleg eller går i fire minutt.

Intervalltrening er med på å auke hjartet sitt slagvolum og bidreg slik til å auke det maksimale oksygenopptaket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg