Konfunder er det same som bakanforliggjande faktor. Det er eit sentralt uttrykk i epidemiologisk forsking.

Faktaboks

Også kjend som

engelsk confounder

Ordet kjem frå konfundera, som betyr å blanda saman. Konfundering oppstår ved at den effekten forskaren er interessert i, er blanda saman med effekten av andre variablar.

Døme

Diskusjonen om det er sunt å drikka eit glas raudvin per dag, er eit døme. Vitskaplege studiar har vist at menneske som drikk litt alkohol kvar dag, har betre helse enn dei som ikkje drikk. Men spørsmålet om vindrikkinga er årsaka til helsegevinsten, har framleis uklart svar. Det finst nemleg ei rekkje konfunderar, til dømes sosial klasse, som kan vera den eigentlege forklaringa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg