Pseudoallergisk reaksjon er ein allergiliknande reaksjon utan dei immunologiske mekanismene som er grunnlaget for ein klassisk allergisk reaksjon. Ymse medikament kan gje pseudoallergiske reaksjonar.
Mekanisme
Mastceller og basofile granulocyttar har IgE-antistoff på overflata av cellemembranane. I ein klassisk allergisk reaksjon frigjerast histamin, proteasar og kjemotaktiske faktorar frå mastcellene og dei basofile granulocyttene når eit allergen bind seg til IgE-antistoff på overflata til desse cellene. Ved pseudoallergisk reaksjon frigjerast histamin og dei andre stoffa av andre årsaker enn binding av eit allergen til IgE-antistoff. Mekanismen er altså ikkje ein allergisk immunreaksjon. Årsaken kan vere kjemisk eller farmakologisk, eventuelt komplementfaktorane (anafylatoksina) C3a og C5a.
Dei komplementmedierte pseudoallergiane blir og kalla Komplement-AktiveringsRelatert PseudoAllergi (CARPA).
Symptomer
Symptoma kan variere frå mild rødme og varmekjensle til livstruande hevelse i slimhinne eller hud (angioødem), bronkospasme med astmasymptom, og blodtrykksfall (anafylaktoide reaksjonar). Reaksjonane kan komme ved første gongs kontakt med eit stoff, fordi det ikkje er nødvendig med noen immunrespons først. Symptoma kan bli lettare ved gjentatt eksponering.
Kommentarer
Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?
Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.
Du må være logget inn for å kommentere.