Anafylaktisk sjokk er ein livstruande, generalisert sterk allergisk reaksjon som fører med seg blodtrykksfall og svikt i pumpefunksjonen i hjartet. Anafylaktisk sjokk eller allergisjokk er ei alvorleg form for anafylaktisk reaksjon. Vanlegvis er reaksjonen IgE-mediert, men i noen tilfelle trur ein at også IgG-antistoff og komplementprotein kan bidra.
Tidsfaktoren er viktig, og dersom ein har mistanke om alvorleg allergisk reaksjon bør ein ikkje vente med å ringe 113, og å sette adrenalinsprøyte (EpiPen eller tilsvarande) dersom pasienten har ei slik med seg.
I tillegg til rask behandling med adrenalin, bør pasienten ligge, helst med heva bein for å få nok blod til hjartet, og skal ikkje få sitte opp eller reise seg. Det er viktig å vente lenge nok før pasienten får sitte eller stå. Fordi det kan komme ei andre bølgje med symptom etter nokre timar jamvel om tilstanden verkar god, er det viktig med medisinsk overvaking dei første timane etter ein sterk anafylaktisk reaksjon med eller utan sjokk.
NB: Reaksjonen kan somme gonger komme noko forseinka, særleg etter inntak av feit mat, i tillegg til at det kan komme ei 'bølge nummer to' etter nokre timar. Fysisk anstrenging kan aktivere og forverre ein anafylaktisk reaksjon, også når det i starten er lite eller ingen symptom etter inntak av mat ein er allergisk mot.
Pustevanskar med symptom som liknar eit astmaanfall er ein del av symptombiletet, og kan i somme tilfelle vere hovedårsaka til at den anafylaktiske reaksjonen blir alvorleg og i verste fall dødeleg. Litt upresist vert ofte nemninga anafylaktisk sjokk eller allergisjokk nytta også om slike tilfelle, der det er pustevanskane og ikkje svikt i hjartet sin pumpefunksjon som er hovedproblemet ved reaksjonen.
Pasienten har ikkje alltid ein allergi som er kjent på førehand, og ein må vere merksam på anstrengelsesutløyst anafylaktisk reaksjon, som kan komme fleire timar etter eit matinntak.
Ikkje-allergiske mekanismar kan somme gonger vere årsak til dei same symptoma som ved allergisjokk. Alvorlegheitsgraden og behandlinga ved ein ikkje-allergisk anafylaktoid reaksjon er i hovedsak den same som ved anafylaksi på grunn av allergi.
Allergikarar som har stor risiko for å få anafylaktisk reaksjon, bør bli utstyrt med adrenalinpenn (EpiPen eller tilsvarande) som dei alltid skal ha med seg, slik at dei sjølve (eller nokon som er saman med dei) raskt kan sette adrenalinsprøyte.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.