IgE er ei forkorting for immunglobulin E, som er den av immunglobulinklassane som i særleg grad har noko å seie ved straksallergiske reaksjonar, også kalla Type 1-reaksjonar. Såkalla IgE-avhengig allergi omfattar luftvegsallergiar med pollenallergi, dyrehårsallergi og astma, matallergi, og i hud generell urticaria og kontakturticaria.
Den normale funksjonen til IgE som vi kjenner, er å verne mot infeksjon med ulike parasittar. IgE-nivået i blodserum kan ved slike infeksjonar auke mykje. Nokre sjeldne immunsvikttilstandar er også følgde av auka IgE-nivå, såkalla hyper-IgE-syndrom. Utanom dette er det ein individuell variasjon i nivået av IgE i blodet, bestemt både av arv og miljø.
Konsentrasjonen av IgE i blodet (serumnivået) er svært lågt i forhold til dei andre immunglobulinklassane.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.