LIS (lege i spesialisering)

Artikkelstart

LIS, lege i spesialisering, er eit stillingsnamn for ein lege som er under strukturert opplæring for å oppnå godkjenning som spesialist i eit nærmare angitt medisinsk fagfelt. For å bli tilsett i ei LIS-stilling må vedkommande vere autorisert som lege i Noreg.

Den første delen av utdanninga, LIS1, har same struktur som den tidlegare turnustenesta, med både sjukehusteneste og arbeid i kommunehelsetenesta, men læringsmåla er meir spesifiserte. LIS2 er ein felles basisdel av spesialistutdanninga innanfor ein del kirurgiske og medisinske spesialfelt. LIS2 inngår ikkje i alle utdanningsprogram. LIS3 er den siste delen og har spesielle læringsmål for kvar enkelt spesialitet.

Før ein kan byrje på LIS3, må ein ha oppnådd alle læringsmåla i LIS1, alternativt turnusteneste etter gammal ordning, og eventuelt LIS2.

Det siste kullet som byrja turnusteneste etter den tidlegare ordninga, starta opp i mars 2017.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg