Allergisk sjokk er ein alvorleg, generalisert allergisk reaksjon som fører til sterkt fall i blodtrykket. Ofte er det også pustevanskar. Reaksjonen kan vere livstruande, og må behandlast raskt med injeksjon av adrenalin, før vidare akuttmedisinsk behandling.

Faktaboks

Uttale
allˈergisk sjokk
Også kjend som

allergisjokk, anafylaktisk reaksjon

Pasienten skal ligge, og ha beina heva om ikkje oppkast eller anna gjer det vanskeleg. Pasienten må ikkje få sitte opp eller reise seg for tidleg, jamvel om tilstanden synest å vere blitt betre.

Tidsfaktoren er viktig, og dersom ein har mistanke om alvorleg allergisk reaksjon bør ein ikkje vente med å ringe 113, og å sette adrenalinsprøyte (EpiPen eller tilsvarande) dersom pasienten har ei slik med seg.

Allergisk sjokk eller allergisjokk er det samme som anafylaktisk sjokk, finn meir informasjon der.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg