Husstøvallergi er allergi mot husstøv, særleg støv som inneheld husstøvmidd. Andre årsaker til allergireaksjon mot husstøv kan vere allergen frå kjæledyr med pels som hund, katt, hamster, kanin og andre, fugl i bur, mus og rotte, pollen, muggsopp, fôr til akvariefisk, eller mat som for eksempel peanøtt. I varmare land er kakerlakkar ei viktig kjelde til allergen i husstøv.

Symptom på husstøvallergi er allergisk snue med tett nase, klart sekret, kløe og nysing, ofte også augesymtom og noen gonger astma. Husstøvallergi kan stundom blusse opp etter støvsuging uten allergenfilter eller etter tørr støvtørking, fordi allergen blir kvervla opp i lufta og pusta inn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg