Husstøvmidd er mikroskopiske middartar som finst i husstøv, der dei lever av hudavfall. Dei blir rekna som den viktigaste årsaka til allergi mot husstøv. Det er særleg avføringa frå middane som inneheld allergena (stoff som framkallar allergi).

Dei vanlegaste husstøvmiddane er Dermatophagoides pteronyssinus og D. farinae. Også andre middartar enn dei nemnde kan gi allergi. Bortsett frå at dei er årsak til allergi, er husstøvmiddar harmlause.

Førekomst

Middane er 0,2–0,3 mm lange og trivst best ved luftfukt over 50 prosent og temperatur på omtrent 24 °C. Mengda kan variera sterkt innanfor same hus, og mellom bustader i same nabolag. Det er vanlegvis mest midd i soverom og aller mest i sengetøy, madrassar og sengebotnar. Stoppa møblar og tøyleiker kan også innehalda mykje midd. Mengda er gjerne størst om hausten.

Husstøvmidd synest langt frå å vera noko problem i alle bustader. I ei stor undersøking i Oslo blei det funne middallergen i ei mengd av betydning i berre fire prosent av bustadene.

Ein kan finna fleire tusen midd per gram husstøv, men meir vanleg er frå 10–20 og opp mot 500 midd per gram husstøv. Ved meir enn 100 midd per gram husstøv er det særleg stor risiko for allergi. Enkelte laboratorium tilbyr teljing av midd eller måling av mengda middallergen i husstøv.

Middallergi

Allergi mot husstøvmidd kan gi allergisk snue og allergisk augekatarr, astma, og synest å kunna forverra atopisk eksem.

Diagnose

Allergisk sensibilisering mot midd fører på grunn av likskap mellom allergena svært ofte også til sensibilisering og derfor også til testpositivitet mot krepsdyr som reke, kreps, hummar og krabbe, og dessutan mot blekksprut og sjø- og landsniglar. Tilsvarande gir sensibilisering mot dei andre organismane ofte testutslag mot midd. Dette blir kalla testmessige kryssreaksjonar. Ofte blir ikkje den breie sensibiliseringa i testane følgd av klinisk allergi. Utslag i allergitestar mot midd, krepsdyr eller sniglar er difor etter måten vanlege, men er ofte av usikker betydning for allergisk sjukdom og kan vere vanskelege for legen å tolka med omsyn til kva organisme som er årsaka til allergien. Ved mistanke om allergi mot midd, skaldyr eller skjel er det difor svært viktig å observera kva matvarer og kva situasjonar det er som faktisk utløyser symptom. Å byggja berre på testane som grunnlag for allergi-diagnosen er alltid feil, og vil føra til at diagnosen allergi blir stilt altfor ofte.

Behandling av middallergi

  • Først og fremst må ein så langt råd unngå kontakt med midd, ved å gjere tiltak mot midd i huset og særleg på soverommet (sjå nedanfor).
  • Middtette trekk på sengeputer og dyner har usikker effekt, men kan prøvast (sjå nedanfor).
  • Vanlege allergi- og astmamedisinar vil dempe symptoma.
  • Hyposensibilisering, også kalla allergivaksinasjon, kan bli gjort i samråd med lege. Nå er også smeltetablettar (preparatet Acarizax) til legge under tunga er tilgjengelege. Den første tabletten må bli tatt under legetilsyn, deretter tek ein 1 tablett dagleg heime i minst eitt år til tre år. Om tabletten verkar, ventar ein betring etter 8–14 veker.

Tiltak mot husstøvmidd

Mottiltak som blir brukt, er mellom anna støvsuging (støvsugar med allergifilter), utandørs banking av madrass, lufting og dimed tørking av sengetøy, middtette sengetøyovertrekk og låg innandørs luftfukt i vintermånadene. Ved relativ fukt på under 40 prosent klarer ikkje mange middar å overleva. Låg luftfukt er lett å få til i innlandet, men vanskeleg i kyststrok, som difor er meir utsette for midd. Kulde eit døgn eller to vil også drepe midden – ein kan henge sengetøyet ut om det er skikkeleg kaldt, eller legge det i frysaren.

Middtette sengetøyovertrekk er i ei rekkje undersøkingar ikkje funne å ha ein sikker førebyggjande effekt mot middallergi. Trekka kan kanskje ha noko dempande effekt på atopisk eksem, og gav i ei undersøking reduksjon av talet på sjukehusinnleggingar hos barn med astma, utan at medisinbruken blei redusert.

Konklusjonen totalt sett er at undersøkingane av nytten av middtette sengetøyovertrekk enno er mangelfulle, og at det er usikkert kor stor nytten er.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg