Pollenallergi har sterk sesongvariasjon, fordi pollenproduksjonen følgjer årstida og varer frå berre nokre dagar opp til månader, avhengig av kva plante pollenet kjem frå. Om våren er årsaka til symptoma særleg pollen frå hassel, or, og bjørk, men også andre treslag som salix-familien med selje og vidje kan gje allergi. Pollen frå hassel er det aller tidlegaste, og kan i nokre tilfelle komme allereie i januar. Om sommaren er årsaka oftast ulike graspollen, og på ettersommaren og hausten ugrasplanta burot. På hausten kan soppsporar frå planter som rotnar gje liknande symptom. Om vinteren kan stueplanter gje symptom som ved pollenallergi på grunn av tørka plantesaft i støv. Det gjeld mellom anna julestjerne og bjørkefiken (Ficus benjamina).
Fordi pollensesongen følgjer årstida, startar han seinare jo lenger nord i landet og jo høgare over havet ein kjem. Etter at pollensesongen er over i lavlandet i Sør-Noreg, kan derfor ein pollenallergikar få symptom på nytt om vedkommande reiser på hytta på fjellet eller til Nord-Noreg. Global oppvarming med mildare vintrar gjer at pollensesongen no startar tidlegare og varer lenger enn før.
Graspollen blir spreidd over berre kort avstand, nokre hundre meter. Trepollen blir derimot spreidd over store avstandar. Bjørkepollen frå baltiske land og Finland kan nå Finnmark.
I land med annan vegetasjon enn det vi har i Noreg, vil andre typer pollen vere viktige. I Italia er, i tillegg til graspollen, til dømes også pollen frå parietaria eller veggurt og oliven viktige årsaker til allergi. I Nord-Amerika er planten ragweed (nokre gonger omtala som ‘amerikansk burot’) den viktigaste kjelda til pollen som gir luftvegsallergi. I Japan er det i hovedsak berre ein type pollen som gir allergi, japansk cedar.
Pollenvarsel og pollenkalenderar for ulike land vil vise dei viktigaste lokale pollentypane for sesongen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.